Å vere barnebibliotekar

«Ble du glad i oss?»

Eg hadde besøk av ein fyrsteklasse i vinter; dei kom for å få omvising på folkebiblioteket og bokprat. Og for å få kikke i bøker sjølv (ofte er akkurat dét ekstra stas). Då dei var ferdige til å gå, sa eg som eg pla gjere når eit fyrstegongsbesøk er over:

“Kom gjerne igjen, mange gonger!”

Då var det ein av dei små gutane som kikka opp på meg og sa med eit lite glis:

“Ble du glad i oss?”

Og det blei eg jo. Slik eg blir det i alle ungane som eg møter på biblioteket, i klasseromma, skulebiblioteka og barnehageavdelingane rundt om. Og av og til, på butikken eller på gata når dei seier “hei Synne!” Då er det ekstra herleg å vere barnebibliotekar.

Klar for klassebesøk!  Foto: S. Fredriksen
Klar for klassebesøk!  Foto: S. Fredriksen

Korleis stillinga mi er lagt opp

Eg er einaste barnebibliotekar i ein liten kommune (under 5000 innbyggjarar). Ei full stilling er verkeleg ein dedikert kulturkommune verdig! Stillinga vart laga eitt år før eg starta, etter at filialane (kombinasjonsbibliotek på skular) i kommunen vart lagt ned. Utanom faste skrankevakter er tida mi avsett til arbeid med barne- og ungdomsavdelinga og kontakten med skular og barnehagar.

Eg har ganske stor fridom til å legge opp mitt eige jobbløp i løpet av året. Det er godt, men også ekstra ansvarsfullt. Nokre prosjekt var starta med før eg kom, som skrivekurs for ungdomsskuleelevar, men det meste av planar og vaner har eg innført sjølv. Dei åra eg har jobba i Ål har eg prøvd ulike modellar for kontakten med skulane og barnehagane, og prøvd å finne den akkurat riktige besøks- og bokpratsfrekvensen som passar inn i skulane sin kvardag og min.

Bokprat for 5./6. trinn. Foto: Leveld skule
Bokprat på grendeskule

Bokprat på bibliotek eller skule

Sidan eg har tid til det, vil eg gjerne møte alle elevane eit par gongar i løpet av eit skuleår, her på biblioteket og/eller på skulen. Men då må eg halde oversikt over kva eg har prata om i kvar enkelt klasse frå gong til gong. Stikkorda er: oversikt og system! Eg prøver å skrive notat for meg sjølv om korleis det gjekk, og har notata sortert på skule så eg kan repetere før neste besøk. Eit Excel-ark med oppførte titlar og klasse/ skule har vist seg å vere heilt uvurderleg som reiskap i planlegginga! Takk for tips frå ein med-bibliotekar på Facebook:)

bokliste

Samarbeidet med skulane

Noko av det fyrste eg gjorde då eg starta som barnebibliotekar var å besøke skulane og sjå på skulebiblioteka. Korleis såg lokala ut? Kva ressursar hadde skulebiblioteket (ikkje)? Trong dei ein gjennomgang av samlinga? Etter kvart har alle bøkene i skulebiblioteka blitt registrert i regionen sin bibliotekbase, og eg ordnar «inngang» og «utgang» på mange av bøkene. Dei skulebibliotekansvarlege har blitt dei eg kontaktar om aktuelle prosjekt og andre nyhende – i skulebibliotekmøta me har tre-fire gonger i året, eller berre på epost. Det er samstundes viktig at skuleleiarar (rektorar) er med på større prosjekt.

I besøka eg har rundt om får eg sjå litt av lærarane sin kvardag. Nesten, men berre nesten, vere lærar for ein dag, og ete matpakka saman med dei. Vere på fornamn med dei, ta med meg bøker attende til biblioteket og ynskje om ei bokliste eller eit depot. Kanskje fortelje om nye bøker på eit personalmøte, eller eit foreldremøte.

Noko må ut...
Noko må ut…

Årshjulet

Nokre aktivitetar skjer ein gong kvart år: leseaksjonen Sommarbok for elevar i grunnskulen, som me har saman med dei andre hallingdalsbiblioteka. Foredrag om samtidslitteratur for ungdomsskuleelevar (her kjem også vaksenlitteraturen inn!) Utdeling av lånekort til tiandeklassingane som er på veg ut i verda. Det sistnemnte gir alltid ei gladtrist, nostalgisk kjensle av at tida faktisk går.  Ser ein det ikkje på seg sjølv, så er det iallfall tydeleg hjå dei som var nysgjerrige småttingar for berre eit par år sidan!

Sommarbok-treet vårt.
Sommarbok-treet vårt i fjor.

Dei minste

Barnehagane må me ikkje gløyme! Tidleg innsats for bokglede og bibliotekkjennskap. I Ål har me vekentlege besøk frå grupper i sentrumsbarnehagen. Eg og ein kollega har då bokprat og song for ungane i biblioteket. Dei andre barnehagane har eg litt meir sporadiske rundturar til i «postbilen» Billy, med lesestund og bytting av depot. Det er moro å finne biletbøker og faktabøker som kan inspirere og engasjere. Ein gong eg var på apoteket fekk eg vite frå ei mor at guten hennar, som gjekk i barnehagen eg nett hadde vore i, vart heilt oppslukt av ei bok om ei jente med augnebryn som stakk av (Ellinors øyenbryn). Slikt inspirerer!

Dei endå yngre, nyfødte, treff eg på barselgruppa på helsestasjonen. Der finst det bokdepot som eg byttar ut, og eg informerer foreldra om aktuelle bøker og media og biblioteket sine tilbod.

tur med Billy
På tur vinterstid

Bruke fantasien

Det er godt om ein kan klare å vere litt kreativ i det daglege møtet med barn og unge. Gi noko av seg sjølv i den enkelte bokpraten. Men av og til får ein også sjansen til å lage ekstra fantasifulle arrangement. Eg har fått prøve meg på fantasykveldar med unge lesarar som bokpratarar, Harry Potter-kveld med ekte magisk stemning og kombinert lese- og song/dansestund for dei minste under Kinodagen (tema: Karsten og Petra). Artig!

Harry Potter-kveld
Litt å bite i på Harry Potter-kveld

Tid til lesing?

Når det kjem bestilte bøker eller kulturfondbøker for barn og unge, ser eg raskt gjennom bøkene i samband med registreringa. Biletbøkene og dei lettleste rekk eg å lese ferdig og dermed få eit inntrykk av. Dei lengre bøkene som eg sjølv får lyst til å bli betre kjent med, tek eg med meg heim og les i godstolen. Nokre av titlane dukkar opp i bokpratar rundt om, andre har eg berre i bakhovudet når nokon spør etter ei god barne- og ungdomsbok.

Ettermiddag og helg er altså lesetida mi, og eg veit eg ikkje er den einaste som har det slik. Bibliotekarar flest treng ro rundt lesesituasjonen, og det har eg heime. Spørsmålet er: korleis får vaksne barneboklesar noko att for den fritida me brukar på lesing me elles ikkje ville gjort? (Her er grensene litt uklare…)

Slik kan det vere…

Slik er min jobb, kort rissa opp. Men bibliotektenester for barn og unge i Noreg er slett ikkje alltid slik! Eg tippar at dei fleste folkebiblioteka som har barne- og ungdomsbibliotekarar dekkjer større bykommunar, og der har ein gjerne fleire kollegaer å dele på arbeidet med, men også mange fleire barn og unge å nå ut til. Det er både utfordringar og hjelp i det. Mange (særleg mindre) bibliotek har ikkje eigen barnebibliotekar, men har tiltak for barn og unge likevel.
Og så finst det bibliotektenester til barn og unge utanfor kommunesektoren, t.d. på sjukehus. Ein heilt annan kvardag – kanskje?

Uansett: vil du fortelje om korleis du arbeider og kva du opplever i det eg tenker er verdas beste jobb?

Eller kanskje du er bibliotekbrukar og vil dele tankar om det?

– Synne Fredriksen, Ål bibliotek
/leiar i NBF Barn og unge

 

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone