Julegåve: stipend!

Ynskjer du å reise på eit fagleg arrangement eller ein studietur relevant for barne- og ungdomsbibliotek våren 2016?

Er du personleg medlem i NBF Barn og unge? (Ikkje? Meld deg inn her.)

Då kan me hjelpe deg med stipend!
Me utlyser 2 stipend à (inntil) 5000 kr, til ulike tiltak. Fyrst til mølla!

Du kan til dømes få med deg Se og Les-konferansen i Bergen, der NBF Barn og unge skal halde årsmøte 9. februar.

Dei som får stipend forpliktar seg til å sende ein rapport til oss i etterkant av arrangementet/ studieturen; denne vil bli publisert på vår nettside.

Send ein kort søknad med argument for kvifor du treng stipendet, til synne.fredriksen@aal.kommune.no.
Søknadsfrist: 4. januar 2016

Jul
Flickr: Adam Foster
Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone