Ny utgåve av Norsk barnelitteraturhistorie

Samlaget, 2017. 3.utg.

Norsk barnelitteraturhistorie kom i fjor i ny utgåve, med oppdatert og grundig omtale av norsk barne- og ungdomslitteratur. Det som er nytt er delen «1970-2015», med titlar og forfattarskap fram til 2015 (dels 2016), samt djupdykk i enkelte nyare sjangrar og tendensar. Forfattarane Karin Beate Vold, Tone Birkeland og Gunvor Risa omtaler også institusjonar og instansar rundt barnelitteraturen: forlag, forsking, formidling og kritikk. Ei nyttig bok for den som vil orientere seg i det som skjer på feltet.

På side 606 skriv forfattarane dette om bibliotekstilbodet til barn og unge i Noreg:

Ved sida av skolen har biblioteket gjennom heile 1900-talet vore det viktigaste offentlege formidlingsleddet av barne- og ungdomslitteratur. Ikkje uventa er barna dei ivrigaste lånarane. I 2002 lånte barn og unge i snitt ni bøker kvar på biblioteket, mens dei vaksne bare lånte i underkant av tre bøker. 10 år seinare var utlån til barn på same nivå, mens utlån til vaksne hadde gått ned til to bøker i snitt per år.

Lenge var barn og unge ei lågt prioritert gruppe i norske folkebibliotek. Inntil 1976 var ikkje folkebiblioteka pålagde å kjøpe barnebøker. Først med folkebiblioteklova av 1985 blei det endeleg slått fast at folkebiblioteket skal gi barn eit tilbod på lik linje med vaksne. Likevel er det stadig dårleg samsvar mellom utlånstal og boktilfang. I 1979 var utlånet til barn vel 36 prosent av det totale utlånet i folkebiblioteka, mens barnebøkene bare utgjorde vel 16 prosent av det samla boktilfanget. I 2014 hadde bokutlån til barn auka til vel halvparten av totalutlånet. Likevel låg barneboktilfanget stadig under 30 prosent av totaltilbodet, men med større variasjonar frå kommune til kommune.

Barna har låg kjøpekraft, men lar seg lett engasjere når dei finn noko dei likar. Dei fortener fleire bøker – og fleire bibliotek som har tid og evner til å satse på formidling!