Vift med det store skiltet! seier barnebibliotekforskar

Åse Kristin Tveit. Foto: Benjamin A. Ward / HIOA

Åse Kristine Tveit på Bibliotekarutdanninga ved Høgskolen i Oslo og Akershus heldt eit innlegg på Innspelsseminaret for ny kulturmelding 5. januar. Her argumenterte ho for eit program for utvikling av bibliotek for barn og unge.
Tveit skreiv i 2016 ei avhandling om norske barnebibliotek (lenke til lesetips).

Eg sit i NBF sitt bibliotekpolitiske utval, og vil gjerne vifte med eit stort skilt der det står bibliotektenester for barn og unge, og argumentere for at desse tenestene får ein tydeleg plass i kulturmeldinga. Det er ein openberr mangel at barn og unge knapt er nemnt i Bibliotekstrategien som vart lagt fram i 2015, og den nye kulturmeldinga bør ha mykje tydelegare ambisjonar for barn og unge sin kultur.

Norsk kulturpolitikk for barn har lenge vore konsentrert om Kulturskulen og Den kulturelle skulesekken. Det er to store, tunge og viktige satsingar, som begge har til felles at dei er vaksenstyrde, organiserte, timeplanlagde og med eit pedagogisk siktemål. Folkebiblioteka er ein annan arena, der deltaking er prega av fri vilje, eigne val av medier og aktivitetar, og møte med menneske med andre interesser og i andre aldrar.

Folkebiblioteket er ein eineståande og prestasjonsfri arena.

I vår samtid er mange barn opp til tenåra svært opptekne med organiserte aktivitetar, som kostar til dels mange pengar, og der det heile tida er vaksne som fortel dei kva dei skal gjere. Det er difor ein særleg verdi i vår tid å stimulere barn til å tenke sjølv og gjere eigne valg, og kunne gjere dette kostnadsfritt. Det er eit bidrag til demokratiutvikling, ikkje noko mindre.

Eg har i mitt arbeid studert korleis bibliotektenestene for barn og unge voks fram i norske byar for drugt hundre år sidan. Det vart ei suksesshistorie av dimensjonar! Fordi folkebiblioteket kunne tilby tenester som var relevante og interessante for barn.

Folkebiblioteket kan framleis vere ei suksesshistorie, ved å bidra til å bygge ned sosiale skiljer mellom barn ved å la alle få del i kultur og medier som er relevante for dei. Og det betyr at det må finnast eit breitt tilbod av medier og aktivitetar som barn kan velge etter eigen lyst. Det krev sjølvsagt vilje til å satse frå kommunane, men det trengst òg rause og treffsikre ordningar frå statleg hald.

Innkjøpsordningane for bøker og andre medier må vernast om, men ut over det bør ei ny kulturmelding ha større ambisjonar, og eg vil utfordre kulturmeldingsskrivarane til å legge opp til eit nytt program for bibliotekutvikling for barn og unge.

I det programmet kan det inngå utprøving av modellar for kultur- og litteraturformidling til barn og unge både under tak og på nett. BibloTøyen er supert der det er, men vi treng mange forskjellige modellar i vårt lange og rare land. Det må sjølvsagt finnast bibliotek som ungane sjølv kan komme seg til, der det fins utdanna bibliotekarar som veit noko om barn og ungdomars livsvilkår og medier og som kan samhandle med dei unge.

Som eit supplement til bibliotek under tak, kan utvikling av eit felles norsk barnebibliotek på nett inngå i det nemnde, nye programmet for utvikling.

Nettsida barnensbibliotek.se

I Danmark og Sverige, land som har ein mykje meir konsentrert befolkning enn i Norge, har begge land, med statlege Nettsida biblo.dkbidrag, satsa på velutvikla barnebibliotek på nett, der litteratur blir formidla, der barn er aktive skaparar av innhald, og der det er spørjeteneste som bibliotektilsette svarar på: Barnensbibliotek.se og Biblo.dk – begge har høge brukertall.

Oppsummert er det altså særs viktig å få fram i ei kulturmelding at rause og gode bibliotektenester for barn og unge er nødvendig, både for den enkelte – i utvikling av eigne, sjølvstendige meiningar, og for fellesskapet – i demokratibygging og nedbygging av sosiale skiljeliner. For å få dette best mulig til, er det klokt å opprette eit program for barne- og ungdomsbibliotekutvikling.